Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Godkjenning av anlegg for overføring av sæd og embryo

Dei som skal  ta ut, produsere, behandle eller lagre avlsmateriale frå storfe eller svin må søke Mattilsynet om godkjenning av anlegga sine før verksemda startar. Det same gjeld dei som skal ta ut, produsere, behandle eller lagre avlsmateriale frå sauer, geiter eller hestar dersom avlsmaterialet skal flyttast til eit anna land i EØS.

Med avlsmateriale meiner vi sæd, oocyttar og embryo som er berekna for kunstig reproduksjon.

Kven skal bruke skjemaet?

Skjemaet "Nytt dyrehald" i Mattilsynet si skjemateneste skal brukast mellom anna av deg som skal søke om godkjenning av ulike typar anlegg for avlsmateriale frå storfe, svin, sauer, geiter eller hestar. Anlegga kan vere sædstasjonar, embryouttaksgrupper, embryoproduksjonsgrupper, bearbeidingsanlegg for avlsmateriale eller lager for avlsmateriale.

Søknad skal leverast elektronisk gjennom Mattilsynet sine skjematenester.

For å ha tilgang til tenesta må du ha rolla Primærnæring og næringsmiddel, eller tilgang via lokal rolle eller enkeltrett.

Tenesta krev innlogging med ID-porten (tryggleiksnivå 3 eller høgare).

Kva skal eg leggje ved?

Søknaden må innehalde opplysningar om kva slags anlegg det er og kven som er utnemnd som stasjons- eller gruppeveterinær. 

Søknaden må også innehalde opplysningar om plassering, utstyr og fasilitetar, biosikkerheitstiltak, med meir.

Du finn krava til kva opplysningar som skal vere med i søknaden i dyrehelseforskrifta § 4, jf. forordning (EU) 2016/429 artikkel 96, og avlsmaterialeforskrifta § 3, jf. forordning (EU) 2020/999 artikkel 3.

Kvifor skal skjemaet brukast?

Skjemaet skal brukast for at søknaden skal bli registrert og behandla i Mattilsynet sine tilsynssystem.

Meir om skjemaet

Kriterium/vilkår:

Vilkåra for godkjenning av anlegg for avlsmateriale omfattar krav om at det skal vere utnemnd ein stasjons- eller gruppeveterinær ved anlegget og krav til anlegget sine lokale, utstyr og driftsrutinar.

Nærmare informasjon om krava går fram av dyrehelseforskrifta og avlsmaterialeforskrifta.

Saksbehandlingstid: 

Søknaden og alle opplysningane som skal vere med må vere gitt til Mattilsynet seinast 30 dagar før planlagd oppstart av aktivitet ved anlegget.

Gebyr:

Det er knytt gebyr til søknadsbehandlinga, jf. forskrift om betaling av gebyr for særskilde ytingar frå Mattilsynet. Gebyret er for tida på 7.200 kroner.

Forskrift om betaling av gebyrer for særskilte ytelser fra Mattilsynet

Klage på vedtak:

Når Mattilsynet har fatta eit vedtak, har du moglegheit til å klage på dette vedtaket etter reglane i forvaltningslova kapittel VI.

Trenger du hjelp?

Mattilsynet svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjemaet:
postmottak@mattilsynet.no
tlf: 22 40 00 00