Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Medlemstal og arbeidskonfliktar (RA-0244)

Arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar blir bedt om å gi eit oversyn over mengd medlemmar og eventuelle arbeidskonfliktar dei har delteke i. Opplysningane blir brukte til å lage ein statistikk for å følgje utviklinga i det norske arbeidsliv, blant anna gjennom Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU).

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane:  «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett»  eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

 

Korleis finne skjemaet?

SSB har lagt skjemaet tilgjengeleg i føretakets innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?