Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

Utanrikshandel med skip og boreriggar (RA-0040)

Undersøkinga blir sendt ut til føretak som synast å ha vore involvert i ein transaksjon som inneber at nasjonaliteten til eit skip eller ein rigg er endra.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Månadleg

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Varehandel», «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsfører med signeringsrett», «Rekneskapsfører utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Etter innsendinga hamnar skjemaet i «Sendt».

Feilinnsending:
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Sendt» eller eventuelt i «Arkiv» (dersom det er blitt arkivert) og trykk på «Lag ny kopi».

Aktuelt regelverk

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring