Certificate of Origin
Dette skjemaet har vorte flytta over på ny plattform i Altinn. Det er ikkje mogleg å flytte tenestetilgangar til enkeltskjema over på ny plattform. Om du opplever at du ikkje lenger har tilgang, må den daglege leiaren din eller liknande gi deg tilgangen på nytt.
Det vil ikkje lenger vere raude stemplar på blanketten fordi dette ikkje har vorte vidareført på ny plattform. Blanketten er framleis gyldig utan raude stemplar.
Certificate of Origin er eit opphavsbevis som blir brukt for varer som har ikke-preferensielt opphav.
Det blir mellom anna brukt i samband med lisens- og veterinærreglar i mottakarlandet.
Ved eksport av varer til land Noreg/EFTA ikkje har frihandelsavtale med.
Når mottakar eller styresmakta i mottakarlandet krev bevis på opphavet til varene.
Blir gjerne brukt i samband med lisens- og veterinærreglar i mottakarlandet. Dette er eit "ikke-preferensielt opphavsbevis" og det gir derfor ikkje tollfordelar i mottakarlandet.
Blir av og til brukt ved eksport til land Noreg/EFTA har frihandelsavtale med, men dette skal ikkje vere nødvendig.
Vedlegg:
Du treng ikkje leggje ved nokon dokument.
Meir informasjon om Certificate of Origin finn du her.
Alle eksportørar og representantane deira kan nytte skjemaet. (transportørar/speditørar osb.)
For å få tilgang til skjemaet må tilgangsstyrar eller hovudadministrator i verksemda di gi deg tilgang via Altinn. Om verksemda di skal sende inn skjemaet på vegner av andre, krevst det ei fullmakt som kan tildelast i Altinn. Skjemaet er inkludert i tilleggspakken «Toll».
Du har også tilgang om du har rolla Regnskapsmedarbeider.
Treng du hjelp?
Kontaktsenteret hos Tolletaten kan svare på spørsmål som gjeld utfylling av skjema.
Kontakt oss her.
Telefon: 22 86 03 12