Rettar når ein har sjuke barn
Arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande har ei rekke rettar i samband med omsorg for sjuke eller pleietrengande barn.
Omsorgspengar/sjukt barn-dagar
Omsorgsdagar blir ofte kalla for sjukt barn-dagar. Alle som har omsorg for barn under 12 år har rett til omsorgsdagar. Omsorgsdagar blir brukt av arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar som må vere borte frå arbeid når barnet for eksempel er forkjøla.
Antall omsorgsdagar
Kor mange omsorgsdagar ein arbeidstakar har krav på avheng av samlivssituasjonen og antal barn. Arbeidstakar kan søke om ekstra dagar dersom han eller ho har barn som er kronisk sjuk eller funksjonshemma. Arbeidstakaren kan også søke om ekstra omsorgsdagar dersom den andre forelderen ikkje kan ha tilsyn med barnet på grunn av for eksempel sjukdom, fengselsopphald eller verneplikt.
Arbeidstakarar som har eitt eller to barn som er 12 år eller yngre, har 10 omsorgsdagar per kalenderår. Arbeidstakarar som har omsorgen for meir enn to barn som er 12 år eller yngre har 15 omsorgsdagar per kalenderår. For arbeidstakarar som er åleine om omsorgen blir antal stønadsdagar dobla.
Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar har du rett på tilsvarande antal dagar som tilsette, fråtrekt ein venteperiode på 10 dagar.
Har du brukt meir enn ti dagar i løpet av kalenderåret kan du søkja om utbetaling av omsorgspengar frå Nav. Om du søkjer om utbetaling for ein samanhengande periode på over 3 dagar, må du lasta opp ei legeerklæring som gjeld frå og med den 4. dagen. Du kan få utbetalt omsorgspengar i opptil tre månader tilbake i tid, rekna frå månaden før Nav fekk søknad frå deg. Du kan søkja utbetaling for både heile dagar og dagar der du berre har hatt delvis fråvær frå jobb.
Nav søknad om omsorgspengar for selvstendig næringsdrivande og frilansarar
Arbeidsgivar skal berre betale dei ti første dagane med omsorgspengar per kalenderår. Arbeidsgivar forskotterer også resten av dagane med omsorgspengar, men kan krevje refusjon frå Nav frå ellevte dag.
Uttak av omsorgsdagar
Når arbeidstakar skal ta ut omsorgsdagar blir dette meld til deg som arbeidsgivar. Det er opp til deg som arbeidsgivar om arbeidstakar skal kunne ta ut enkelttimar eller halve dagar.
For at arbeidstakar skal få rett til omsorgspengar frå Nav må han eller ho dokumentere barnet eller barnepassaren sin sjukdom med eigenmelding dei tre første stønadsdagane og deretter med legeerklæring. Legeerklæring kan skrivast ut utan personleg frammøte dersom legen vurderer dette som fagleg forsvarleg.
Arbeidsmiljølova om barn og barnepassers sjukdom
Overføring av omsorgsdagar mellom foreldra
I visse tilfelle kan omsorgsdagar overførast mellom foreldra/til ektefellen/sambuaren.
Nav om overføring av omsorgsdagar
Pleiepengar, hjelpestønad, omsorgsstønad og grunnstønad
Viss arbeidstakar har barn som er innlagde eller har vore til behandling/utgreiing i sjukehus eller anna spesialisthelseteneste, kan det gi rett til pleiepengar.
Viss pleiebehovet er grunn til å tru å vara meir enn to år, kan barnet ha rett til hjelpestønad frå Nav.
Barnet kan ha rett til pengestøtte i form av grunnstønad dersom det har nødvendige ekstrautgifter på grunn av varig sjukdom, skade eller funksjonsnedsetjing..
Viss arbeidstakaren har særleg tyngjande omsorgsarbeid og utfører oppgåver som elles måtte vore utført av kommunen, kan han/ho søkja om omsorgsstønad.
Pleiepengar, hjelpestønad og grunnstønad blir dekt av og utbetalt av Nav. Omsorgsstønad blir dekt og utbetalt kommunen.