Reelle rettighetshavarar

Lov om reelle rettshavarar pålegg dei fleste verksemder å ha oversikt over og kunne dokumentere kven som er reelle rettighetshavarar i verksemda.


Register over reelle rettighetshavarar

Verksemder og andre juridiske personar kan no registrere opplysningar om reelle retthavarar. For at verksemdene skal få tid til å innrette seg, blir det ein innfasingsperiode på 10 månader. Plikta til å registrere opplysningane om sine reelle rettshavarar trer i kraft 1. oktober 2024, men regelen om tvangsmulkt gjeld ikkje før 31. juli 2025.

Register over reelle rettshavarar er oppretta som eit tiltak for å motverke kvitvasking, terrorfinansiering og økonomisk kriminalitet. Formålet med registeret er å gi oversikt over kven som eigentleg kontrollerer verksemder.

Kva er ein reell rettighetshavar?

Ein reell rettshavar er ein fysisk person som gjennom sine eigardelar eller stemmerett, åleine eller saman med andre, kontrollerer verksemda. Overstig eigardelen eller stemmeretten 25 % er personen ein reell rettshavar. Også ein fysisk person som har rett til å utnemne eller avsette minimum 50 % av medlemmene i verksemda sine styrande organ er ein reell rettshavar.

Eigarskapet kan vere direkte eller indirekte gjennom andre selskap.

For aksjeselskap vil dei fleste finne kven som er verksemda sine reelle rettshavarar gjennom stiftelsesdokument, aksjeeigarbok eller aksjonæravtalar. Men andre avtalar kan også ha betyding for vurderinga. Det er styret som har ansvar for at verksemda oppbevarer, og seinare registrerer, opplysningar om kven som er verksemda sine reelle rettshavarar.

Brønnøysundregistera - sjekk om du må registrere reelle rettshavarar

Brønnøysundregistera - om reelle rettshavarar

 

Lov om register over reelle rettshavarar

Forskrift til lov om register over reelle rettshavarar

Åpne kontaktskjema