Forretningsmodell

Forretningsmodellen er eit arbeidsverktøy for å modellere ideen din. Den gjev deg oversikt over korleis du skal realisere forretningsidéen i praksis og tene pengar.


Verktøy for utvikling og dialog

Forretningsmodellen viser korleis forretningsidéen kan realiserast, og er eit fint verktøy når du skal kommunisere idéen til potensielle kundar, samarbeidspartnarar og finansieringsinstitusjonar.

Sentrale spørsmål som skal svarast på i forretningsmodellen din er:

  • Kva skal du levere?
  • Kven er kundane?
  • Kven er eventuelle konkurrentar og kven er samarbeidspartnarar?
  • Korleis skal du selje?
  • Korleis skal du levere?
  • Korleis skal du få betalt?
  • Korleis skal du skape forteneste?

Eit levande dokument

Forretningsmodellen bør vere "eit levande dokument", og blir tilpassa når du får ny informasjon om prosjektet ditt. Når du arbeider med forretningsmodellen din, startar du med enkle skisser. Etter kvart som du testar ut og får stadfesting på det du tenkjer å gjere, vil forretningsmodellen spissast og konkretiserast.  Du bør ha fokus på å utvikle ein forretningsmodell som ikkje berre er økonomisk levedyktig, men som òg tek omsyn til miljømessige og sosiale faktorar for å bygge ein berekraftig forretningsmodell.

Korleis utvikle ein forretningsmodell?

Det finst ulike framgangsmåtar for å lage ein forretningsmodell. Hos Innovasjon Noreg kan du lese meir om ulike metodikkar og verktøy for å byggje forretningsmodellen din.

Innovasjon Norge – korleis lage ein forretningsmodell

Frå forretningsmodell til forretningsplan

Når du har ein forretningsmodell som du vil gå vidare med, kan du utarbeide ein forretningsplan. I forretningsplanen gjev du ei meir detaljert forklaring av forretningsmodellen, med fokus på korleis du skal gjennomføre etableringa. Ved utarbeidinga av forretningsplanen lagar du også nødvendige oppstartsbudsjett.

 

Åpne kontaktskjema