Korleis finansiere oppstarten?
Å finansiere ei verksemd vil seie å skaffe nok kapital til å starte opp og drive verksemda. Riktig finansiering bidrar til ein lettare oppstart og hjelper deg å betale forpliktingane dine den første tida.
Kvar kan eg få pengar frå til oppstarten?
Den vanlegaste måten å finansiere oppstarten på er gjennom eigenkapital og lån. Det er også mogleg å skaffe seg eksterne investorar. Dette kan vere vener, familie eller profesjonelle investorar. I retur kan desse, for eksempel få tilbod om eigardelar i verksemda.
Det er òg mogleg å skaffe seg kapital gjennom "Crowdfunding"(ei folkefinansiering)om du har ein idé som vekker marknadens interesse. Offentlege verksemder kan gjennom prosjekt tilby støtteordningar som det kan vere mogleg å søkje på.
Kva må finansierast?
Det er viktig å avklare hvor mye kapital du vil trenge for å finansiere oppstarten. Beløpet kjem du fram til ved å lage ei oversikt over kapitalbehovet.
Her reknar du ut kva du vil trenge av utstyr, andre oppstartskostnader og eventuelt driftskapital for å dekkje løpande utgifter før du byrjar å få inntekter. Etter at kapitalbehovet er rekna ut må du byrje å arbeide med finansieringa.
Eigenkapital
Sørg for å ha nok eigenkapital for å få ei sunn finansiering verksemda. Eigenkapitalen ved oppstart avheng av kva risiko du tar og kva bransje du skal starte opp i. Han bør likevel vere mellom 20 - 35% av kapitalbehovet. Eigenkapital kan i tillegg til pengar vere verdi i form av eigedom og utstyr. Merk deg at eige utstyr må verdsetjast før det kan takast inn som eigedel i verksemda.
Eigeninnsats som eigenkapital
Søkjer du støtte vil det normalt vere krav til at du har ein viss eigenkapital. Storleiken på eigenkapitalen kan variere avhengig av støtteordningane. Du kan leggje inn eigeninnsats som ein del av den totale finansieringa i finansieringsplanen din. Denne innsatsen dokumenterast med førte timelister, multiplisert med avklara timesats frå dei som yter støtte. Eigeninnsats kan vere eige arbeid med marknadsavklaring og testing av produkt. Dette skal leggjast inn i rekneskapen.
Låne pengar
Treng du å låne pengar til å finansiere oppstarten, så er det mogleg å søkje banken din eller andre finansieringsinstitusjonar om lån. Ver merksam på at lånegjevar vil krevje sikkerheit for lånet, for eksempel ta pant i fast eigedom, varelager eller utstyr. Betresikkerheit gjev betre rentevilkår enn dårleg eller usikker sikkerheit (som for eksempel eit varelager).
Ønskjer du å låne pengar i banken er det viktig å vere godt førebudd. Møt opp med ein gjennomarbeidd forretningsplan, realistiske budsjett, og dokumentasjon på det er eit behov i marknaden for prosjektet ditt. Ein gjennomarbeidd forretningsmodell er eit godt utgangspunkt for samtalen din med banken i tillegg til forretningsplan og realistiske oppstartsbudsjett.
Støtteordningar
Det finst ei rekkje offentlege støtteordninger å søkje på for deg som er i planleggingsfasen og for verksemder som er kome i gang. Har du ein idé som representerer noko nytt, og ikkje er i direkte konkurranse med andre, så kan du søkje om støtte hos for eksempel Innovasjon Noreg. Du kan også sjekke om kommunen din har kommunale eller lokale tilskotsordningar som det er mogeleg å søkje på.
Eigeninnsats
Søkjer du støtte vil det normalt vere krav til at du har ein viss eigenkapital. Storleiken på eigenkapitalen kan vere forskjellig for dei ulike støtteordningane. For å få nok eigenkapital kan du i finansieringsplanen din leggje inn eigeninnsats som ein del av den totale finansieringa. Denne kostnaden må vere i samsvar med førte timelister multiplisert med avklart timesats frå dei som yt støtte. Eigeninnsats kan vere eige arbeid med marknadsavklaring og testing av produkt, og skal leggjast inn i rekneskapen.
Anna finansiering
Du kan finansiere delar av prosjektet ditt av ordninga Crowdfunding (folkefinansiering) som er ein fleksibel og effektiv finansieringsmåte.
Innovasjon Norge om finansiering