Planlegg etableringa
God planlegging og fokus på marknaden bidar til at du lukkast med å utvikle idéen din til ei framtidig verksemd.
Still spørsmål og avklar undervegs
Kvifor ønskjer du å sats på denne ideen og kva er det som driver deg til å satse på gründerlivet. For å få svar på dette kan ei personleg avklaring av deg sjølv og ståstaden din vera nyttig samtidig som du jobber med å utvikla ideen din.
Det er mange viktige ting du bør avklare om ideen før du startar opp. Du må bestemme deg for kva marknader og kundegrupper du vil selja til, og korleis du skal gjera det.
Lytt til marknaden
Det store spørsmålet før du startar er sjølvsagt om det kjem til å gå bra, og om verksemda vil gå med overskot. Det er ingen som kan gje eit sikkert svar, men du er marknadsorientert og sett brukaren i sentrum kan du få ein viss peikepinn ved å:
- spørje framtidige kundar korleis dei oppfattar tilbodet ditt
- spørje leverandørar kva dei trur
- halde auge med dei etablerte aktørar i bransjen
- analysere marknaden
- kartleggje kva for konkurrentabe dine
- anslå kor stort kundegrunnlaget er
Visjon og forretningsidé
Bruk tid i planleggingsfasen på å formulere ein visjon og forretningsidé for oppstarten din for å staka ut kursen. Når produktet skal ut i marknaden er det viktig at kundane ikkje berre trur på produktet – men at det også blir lagt fram ektefølt engasjement hos verksemda, utover det å tena pengar.
Kva er ein visjon?
Ein visjon er eit draumebilete på kva du og verksemda di ønskjer å oppnå på sikt, og er ei leiestjerne for den framtidige verksemda.
Søk i verksemdopplysningar hos Brønnøysundregistera
Kva er ein forretningsidé?
Ein idé blir ein forretningsidé når han kan dekkja eit behov i marknaden og gir eit konkurransefortrinn som kan bevarast over tid. Forretningsideen beskriv kva du skal selja til kven og kvifor kundane skal kjøpa frå deg.
Eksempel på samanheng mellomvisjon og forretningsidé:
IKEAs visjon er "å skape ein betre kvardag for mange menneske".
IKEAs forretningsidé er støtte opp om denne visjonen ved "å tilby eit stort utval form- og funksjonsriktige heiminnreiingsprodukt til så låge prisar at så mange menneske som mogleg har råd til å kjøpe dei".
Involver andre i planlegginga
Du kan ha god nytte av å diskutere idéen din med andre. Det kan gje deg gode innspel for å kome vidare med planlegginga av eiga verksemd. Eit godt tips er å byggje nettverk med hjelparar som er flinke på område du treng hjelp. Gode hjelparar kan vere nokon du kjenner eller andre næringsdrivande som har erfaring frå å drive næringsverksemd. Det kan vere kan vere kommunen sine næringsansvarlege, bankforbindelsen din, eit rekneskapskontor, ein revisor eller ein advokat om du treng hjelp til å utforme avtalar.
Lag gode planar
Planlegg du å ha samarbeidspartnarar og søkje finansiering hos bank eller tilsvarande, er dei opptekne av at du kan vise til realistiske planar og budsjett for å inngå eit samarbeid med deg.
All relevant informasjon om korleis du vil realisere forretningsidéen din oppsummerer du i en forretningsmodell. Neste steg i planleggingsfasen vil vere å lage gode oppstartsbudsjett og eventuelt utarbeide ein forretningsplan.