Patent
Kvifor søke patentvern?
Å utvikla eit nytt produkt krev ofte store investeringar. Eit patent kan gi deg eit viktig konkurransefortrinn fordi du får einerett til å utnytta oppfinninga di kommersielt. Patent gir deg ein dokumentert einerett som kan:
- auka konkurransefortrinnet og betre høvet til å tena pengar på oppfinninga
- bidra til at du oppnår større marknadsdelar
- bidra til å førebyggja konfliktar
- blir brukte som bevis i ein konflikt
- gi deg høve til å selja eller lisensiera ut oppfinninga
- gjera verksemda di meir attraktiv for samarbeidspartnarar og investorar
Kva vern treng du?
Er du usikker på om det er varemerke, design eller patent du skal registrera? Patentstyret har utvikla ein test for å sjå kva verdiar det kan vera viktig for bedrifta di å verna.
Før du søkjer
Har du planar om å søkja om patent på ei oppfinning, er det spesielt viktig at du gjer eit grundig søk i internasjonale databasar og kjelder. Du kan ikkje få patent på noko som allereie finst, same kvar i verda dette er. Ei oppfinning kan for eksempel vera publisert i ein tidlegare patentsøknad, eller vera omtalt på ei nettside.
Patentstyret om å søke i databaser
Du kan be Patentstyret utføre ei vurdering av oppfinninga. Dette er ei kommersiell teneste levert av Patentstyret.
Kva kan du ta patent på?
- Framgangsmåtar
- Tekniske produkt
- Bruksmåtar
Oppfinninga må vere ny, ha oppfinningshøgd og vere mulig å gjenskape.
Kor lenge er patentet gyldig?
Eit patent kan haldast ved lag i inntil 20 år, rekna frå den dagen du leverer søknaden. Patentet må fornyast kvart år ved å betale ei årsavgift.
Korleis søkje om patent?
For å søkje om patent leverer du søknaden til Patentstyret via Altinn.
Du må betale eit gebyr for å få søknaden behandla, sjå prisoversikta hos Patentstyret.
Søknadsprosessen kan vere krevanda hvis du ikkje har erfaring med dette. Du kan vurdere å få profesjonell hjelp hos for eksemspel eit patentbyrå.
Patent i andre land
Eit patent gir deg berre rettar i det landet du har fått patent, og eit norsk patent gjeld berre i Noreg. Ønskjer du vern i andre land, må du levera ein patentsøknad i desse landa. Det finst ordninga som gjer det mogleg å søkja i fleire land samtidig.
Klage på andres patent eller patentsøknad
Det er mogleg å klage på andres patent eller patentsøknader.
Pantsetjing av patent
Det er mogleg å pantsetje patent, patentsøknader og patentlisensar i Noreg.
IPR-forsikring (rettstvistforsikring)
Ei slik forsikring kan minumere kostnadane til advokatutgifter, rettssak eller erstatning for å forsvare og handheve dei immaterielle rettane dine. Denne forsikringa teiknar du hos eit forsikringsselskap.
Arbeidstakaroppfinningar
Ein arbeidstakarar har i utgangspunktet same rett til oppfinninga si som andre oppfinnarar har. På visse vilkår gjev likevel lova om arbeidstakaroppfinningar arbeidsgivaren rett til å overta oppfinninga.
Arbeidsgivaren sin rett til å overta oppfinninga vert bestemd ut frå arbeidstakaren sine oppgåver i bedrifta og kva for avtale arbeidstakaren har inngått med arbeidsgivaren. Dersom arbeidsgivaren skal overta oppfinninga, kan arbeidstakaren ha krav på godtgjersle.
Hald deg oppdatert gjennom Patentstyrets kurs
Patentstyret tilbyr ulike kurs om korleis du kan verne verdiane dine gjennom patent og varemerke- og designrettar. Dei fleste av kursa er gratis, og mange vert strøymde slik at du kan følgje dei der det passar deg.