Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statistisk sentralbyrå
  4. Undersøking om opplæring i føretak 2026

Undersøking om opplæring i føretak 2026 (RA-0857)

Formålet med undersøkinga er å samle inn informasjon om opplæringa som føretaka tilbyr sine tilsette. Ein kontinuerleg etter- og vidareutdanning av arbeidstakarane er ofte nødvendig for at eit føretak skal vere konkurransedyktig, sikre eksisterande arbeidsplassar, og på sikt skape ny verksemd.

Kartlegginga skal gi innsikt i omfanget av opplæringa slik at føretaket sjølv, partane i arbeidslivet, norske styresmakter og EU kan gjennomføre avgjerder basert på fakta. Undersøkinga er ein viktig komponent i det europeiske statistiske informasjonssystemet for livslang læring. Publisering av nasjonale tal er forventa i løpet av 2027.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Skjemaet blir sendt ut kvart femte år.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsførar med signeringsrett», «Rekneskapsførar utan signeringsrett» eller «Ansvarleg revisor». 
Ein kan også få tilgang i form av ein enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste). 

Sjå hjelpesidene våre for meir informasjon om tilgangsstyring.

Skjemaet krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Aktuelt regelverk

Meir informasjon finn du her.

Tilgjengelegheitserklæring