Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Regnskap og revisjon
  4. Må eg ha revisor?

Må eg ha revisor?

Alle som er pliktige til å revidere årsrekneskapen må ha ein revisor. Om du har revisjonsplikt er blant anna avhengig av kva for organisasjonsform du har og storleiken på verksemda.

Om revisjonsplikt

Nokre bransjar har revisjonsplikt gjennom særreglar. Alle verksemder som er underlagt tilsyn av Finanstilsynet har revisjonsplikt uansett organisasjonsform.

Revisjon er ein kontroll og ei gransking av rekneskapen din. Er verksemda di revisjonspliktig, må du velje eit revisjonsføretak til å utføre denne kontrollen. Etter gjennomgangen skal revisoren lage ei revisjonsmelding, som skal sendast inn saman med årsrekneskapen til Rekneskapsregisteret. Dersom revisoren har merknader, skal det komme fram i revisjonsmeldinga.

Revisoren skal ikkje ha noko tilknyting til verksemda ut over å vere revisor. Revisorlova stiller strenge krav til sjølvstende. Har du for eksempel ein bror som er revisor, kan han ikkje vere revisor for verksemda di.

Revisjonsplikt, unntak og fråval

Aksjeselskap (AS)

Små aksjeselskap treng vanlegvis ikkje å ha revisor. Dei kan velje at årsrekneskapen til selskapet ikkje skal reviderast. Dette blir kalla fråval av revisjon.

Aksjeselskapet kan velje bort revisjon dersom:

  • driftsinntektene er mindre enn 7 millionar kroner, og
  • balansesummen er mindre enn 27 millionar kroner, og
  • gjennomsnittleg tal på tilsette er under 10 årsverk

Fråval av revisjon i AS

Nye selskap

Dersom det i stiftelsesdokumentet ikkje blir valt revisor, skal ikkje årsrekneskapen reviderast. Det blir da automatisk rekna som at aksjeselskapet har valt bort revisjon.

Eksisterande aksjeselskap

Ved fråval av revisjon i eksisterande selskap blir føregåande årsrekneskap brukt som grunnlag for vurderinga. Viser årsrekneskapen at aksjeselskapet er under terskelverdiane, kan generalforsamlinga vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, og aksjeselskapet kan seie opp revisoren. Fråval av revisjon melder ein på skjemaet Samordna registermelding i Altinn, og er gyldig når det er registrert i Føretaksregisteret. Fråval av revisjon kan først gjelde frå det rekneskapsåret aksjeselskapet er i når avgjerda blir teken, og vil aldri gjelde for tidlegare rekneskapsår.

Morselskap i konsern

Eit aksjeselskap som er morselskap i konsern kan vedta at årsrekneskapen ikkje skal reviderast, når vilkåra for terskelverdiane er oppfylte for konsernet sett som ein heilskap.

For å reknast som eit morselskap må du ha bestemmande innverknad over ei anna verksemd, enten som eigar av aksjar eller delar, eller i avtale.

Eksempel

Eksempelbedrifta AS starta opp i 2022. Bedrifta har inntekter på under 7 (6) millionar dei første åra, og tilfredsstiller elles krava for å kunne velje bort revisjon. Dei har valt å nytte seg av moglegheita, og har vedtatt å velje bort revisjon av årsrekneskapen.

I år 2024 får dei ein ekstraordinær stor leveranse, og har 8 millionar kroner i inntekter dette året. Det betyr at dei blir revisjonspliktige for det påfølgande året, altså for rekneskapsåret 2025.

I 2025 omset dei for 7 millionar, men må likevel revidere rekneskapen i og med at det er førre års rekneskap (rekneskapsåret 2024) som blir lagd til grunn.

I 2026 vedtar dei og melder dei igjen fråval av revisjon til Føretaksregisteret, på bakgrunn av at inntektene for rekneskapsåret 2025 er under grensa.

Enkeltpersonføretak

Enkeltpersonføretak har normalt ikkje revisjonsplikt.

Revisjonsplikta trer inn når føretaket er rekneskapspliktig, og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylt:

  • Driftsinntektene er over 7 millionar kroner
  • Balansen viser eigedelar over 27 millionar, eller
  • Gjennomsnittleg tal på tilsette er over 10 årsverk

Når grensene er passerte og selskapet blir revisjonspliktig, trer revisjonsplikta inn neste rekneskapsår.

Enkeltpersonføretak som er underlagt tilsyn av Finanstilsynet er alltid revisjonspliktig. Det same gjeld enkeltpersonføretak som driv advokatverksemd og føretak som får revisjonspliktige skattefunntilskot. Dette gjeld uavhengig av terskelverdiane.

Ansvarleg selskap (ANS/DA)

Små ansvarlege selskap har vanlegvis ikkje revisjonsplikt.

Revisjonsplikta trer inn når føretaket er regnskapspliktig, og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylte: 

  • Driftsinntektene er over 7 millionar kroner
  • Balansen viser eigedelar over 27 millionar, eller
  • Gjennomsnittlig tal tilsette er over 10 årsverk

Når grensene er passerte og selskapet blir revisjonspliktig, trer revisjonsplikta inn neste rekneskapsår.

Ansvarlege selskap som er underlagt tilsyn frå Finanstilsynet er revisjonspliktige. Det same gjeld ansvarlege selskap som driv advokatverksemd. Dette gjeld uavhengig av terskelverdiane.

Samvirkeføretak (SA)

Eit samvirkeføretak blir revisjonspliktig når føretaket er rekneskapspliktig og ein av desse føresetnadene i tillegg er oppfylte:

  • Driftsinntektene er over 7 millionar kroner
  • Balansen viser eigedelar over 27 millionar, eller
  • Gjennomsnittlig tal tilsette er over 10 årsverk

Når grensene er passerte og selskapet blir revisjonspliktig, trer revisjonsplikta inn neste rekneskapsår.

Samvirkeføretak som er underlagt tilsyn fra Finanstilsynet er revisjonspliktige. Dette gjeld uavhengig av terskelverdiane.

Eksempel

Fellesblomster SA vart oppretta i 2024. Det første året har samvirkeføretaket ei inntekt på 4,5 millionar. Grensa for revisjonsplikt var da 7 millionar kroner, og samvirkeføretaket har derfor ikkje revisjonsplikt.

I 2025 får dei ein stor ordre og inntektene aukar til 7,5 millionar kroner. Grensa for revisjonsplikt er passert. Det betyr at samvirkeføretaket blir revisjonspliktig det påfølgande året (rekneskapsåret 2026).

I 2026 fell inntektene til 5,5 millionar kroner. Revisjonsplikta fell da bort frå og med rekneskapsåret 2027 i og med at inntektene er under grensa for revisjonsplikt.

NUF

Eit NUF som er skattepliktig til Noreg har revisjonsplikt når ein av desse føresetnadene er oppfylte: 

  • Driftsinntektene er over 6 millionar kroner
  • Balansen viser eigedelar over 23 millionar, eller
  • Gjennomsnittlig tal tilsette er over 10 årsverk

Revisjonsplikt kan også følge av anna lov eller forskrift.

Når inntrer revisjonsplikta og når fell ho bort?

Når grensene er passerte og selskapet blir revisjonspliktig, trer revisjonsplikta inn neste rekneskapsår.

 

Revisorstadfesting

Ver merksam på at sjølv om verksemda di ikkje har plikt til å revidere årsrekneskapen, kan enkelte hendingar krevje ein særskild attestasjon avgitt av revisor ("revisorstadfesting").

For eksempel krev aksjelova at ein revisor skal stadfeste innskoten kapital i eit aksjeselskap dersom aksjeinnskotet blir gjort med andre eigedelar enn pengar. Dette gjeld både ved stiftelse av aksjeselskapet og eventuelt seinare kapitalauke. Ulike støtteordningar kan også krevje revisorstadfesting.

Attestasjon av pliktig berekraftsrapportering  

I samband med endringar i rekneskapslova om pliktig berekraftsrapportering, er det innført krav om at rapporteringa skal attesterast av revisor. Den valde revisoren for verksemda kan også attestere berekraftsrapporteringa, men verksemda kan og velje eit anna revisjonsføretak til å attestera ho. Den statsautoriserte revisoren som attesterer pliktig berekraftrapportering må i tillegg ha godkjenning frå Finanstilsynet som berekraftsrevisor. 

Trenger du hjelp?

Ring oss og få gratis veiledning:

800 33 840