Periodisering (tidfesting)
Eksempel:
Eksempelbedrifta AS betaler både husleige og forsikring på forskot 1. januar og 1. juli. Utan periodisering ville kostnadane i januar og juli blitt uforholdsmessig høge. Eksempelbedrifta AS rapporterer internt månadlege rekneskap og vil ha dette så korrekt som mogleg. Husleige og forsikring blir derfor fordelte kvar månad i rekneskapen.
Andre typiske periodiseringspostar er inntekter, avskrivingar, varelagerendringar, straum, forsikring og renter.
Periodisering av inntekter
Inntekter skal vere med i rekneskapen i den perioden dei er opptente. Har du utført eit oppdrag eller seld ei vare, og ikkje sendt faktura for dette innan utgangen av månaden, må du periodisere dette inn i rekneskapen. Motsett gjeld dersom du har sendt og bokført ein faktura på forskot. Da må du periodisere inntekta ut av resultatrekneskapen.
Periodisering av kostnadar
Du må også sørge for å frådragsføre dei kostnadane du faktisk har forbrukt i perioden for å skape inntektene.
Varehandel
Driv du varehandel må du frådragsføre kostnadane du har hatt for dei varene du har selt. Har du for eksempel mange varer på lager blir det feil å frådragsføre desse. Desse er ikkje selde og har ikkje gitt inntekter for verksemda ennå. Det er derfor viktig å ha oversikt over varelageret i samband med avslutning av ein periode dersom du har varer av betydning på lager. Større varehandelsbedrifter har gjerne lagerstyringssystem som held løpande oversikt over varebehaldninga, og utfører vareteljing ein gong i året som ein kontroll og justering av lagersystemet.