Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Regnskap og revisjon
  4. Rapportering om berekraft

Rapportering om berekraft

Frå og med rekneskapsåret 2024 skal nokre store føretak av allmenn interesse rapportere om berekraft. Nye reglar i rekneskapslova om berekraftsrapportering blir trinnvis innførte.

Frå og med 2024: Store føretak av allmenn interesse 

Frå og med rekneskapsåret 2024 skal store føretak av allmenn interesse (med meir enn 500 tilsette) legge fram berekraftrapportering. Dette omfattar børsnoterte føretak, bankar, kredittføretak og forsikringsføretak. Som hovudregel følger føretak av allmenn interesse reglane for store føretak, uavhengig av balansesum, salsinntekter og gjennomsnittleg tal på tilsette i rekneskapsåret.

Det er berre dei som er pliktige til å rapportere om berekraft som kan sende inn berekraftsrapport.

Frå og med 2027: Store føretak  

Frå og med rekneskapsåret 2027 skal alle store føretak og konsern legge fram berekraftrapportering, både børsnoterte og unoterte. Det er nokre unntak frå plikta til å rapportere om berekraft i 2027.

Frå og med 2028: Små og mellomstore børsnoterte føretak  

Frå og med rekneskapsåret 2028 skal små og mellomstore børsnoterte føretak og konsern legge fram berekraftrapportering. 

Unntak for mikroføretak  

Mikroføretak skal følge reglane for små føretak. Børsnoterte føretak som er mikroføretak, er likevel unntatte frå berekraftrapportering.

Berekraftsrappportering for små føretak

Små føretak har ikkje krav til eiga berekraftrapportering, men blir påverka indirekte når dei er ein del av verdikjeda til større føretak med rapporteringsplikt. Mindre føretak kan arbeide med berekraft ved å bruke standardar som for eksempel NSRS (Nordic Sustainability Reporting Standard) og VSME (Voluntary Sustainability Micro-Enterprise Standard). NSRS er tilpassa nordiske forhold, mens VSME er ein frivillig EU-standard for små føretak. Desse standardane hjelper føretak med å fokusere på energieffektivitet, redusert avfall og ansvarlege innkjøp. Ved å følge slike rammeverk kan små føretak møte krav frå større føretak og forbetre si eiga konkurranseevne, noko som gir ein enklare veg til berekraftig drift.

Føretakskategoriar og storleiksgrenser