Årsrekneskap
Årsrekneskapen er offentleg
Årsrekneskapen for rekneskapspliktige verksemder er offentleg informasjon. Formålet med dette er å formidle relevant informasjon om den samla økonomiske utviklinga og finansielle stillinga til verksemda på ein slik måte at brukaren av informasjonen kan fatte gode avgjerder. Ein som vurderer å søke jobb hos dykk vil kunne ha nytte av å sjå årsrekneskapen. Eit anna eksempel kan vere ein som vurderer å investere i verksemda.
Årsrekneskapen skal utarbeidast etter reglane i rekneskapslova med forskrifter og god rekneskapsskikk. Det er utarbeidd eigne forenkla reglar for god rekneskapsskikk i små føretak. Desse finn du i Norsk Rekneskapsstiftelse - NRS 8 God rekneskapsskikk for små føretak.
Ein komplett årsrekneskap skal innehalde følgjande:
- Resultatrekneskap
- Balanse
- Notar
- Årsmelding (gjeld ikkje dei som følger reglane for små føretak)
Berekraftsrapport (gjeld berre dei som har plikt til det) - Kontantstraumoppstilling (gjeld ikkje dei som følger reglane for små føretak)
- Revisjonsmelding (dersom revisjonspliktig)
Avgrensa rekneskapsplikt
Nokre verksemder har avgrensa rekneskapsplikt. Kjem verksemda inn under desse reglane kan du utarbeide ein årsrekneskap basert på den avlagde skatterapporteringa kombinert med tilpassa noteopplysningar. Dette gjeld for rekneskapspliktige enkeltpersonføretak og ansvarlege selskap der ingen av deltakarane er juridiske personar (verksemder) med avgrensa ansvar. I tillegg må dei komme inn under reglane for små føretak i rekneskapslova.
Notar
I notane skal du gi tilleggsinformasjon til årsrekneskapen slik at lesaren av rekneskapen får utdjupande informasjon om verksemda. Kapittel 7 i rekneskapslova regulerer kva for opplysningar notane minst må innehalde.
Årsmelding
I tillegg til årsrekneskapen skal verksemder som ikkje er å rekne for små etter rekneskapslova, sende inn ei årsmelding. Årsmeldinga er ei utgreiing frå styret og dagleg leiar som blant anna viser utviklinga i verksemda og føresetnader for framleis drift.
Berekraftsrapportering
Nokre store føretak skal også rapportere om berekraft som ein eigen del i årsmeldinga.
Språk
Årsrekneskapen og årsmeldinga skal i utgangspunktet vere på norsk. Skattedirektoratet kan etter søknad gi dispensasjon til å bruke eit anna språk enn norsk. Dispensasjon frå Skattedirektoratet må følge årsrekneskapen kvart år ved innsending til Rekneskapsregisteret.
Underskrift
For rekneskapspliktige som har styre, skal alle styremedlemmene skrive under årsrekneskapen og årsmeldinga. Har verksemda dagleg leiar, skal også denne skrive under. Har den rekneskapspliktige verken styre eller dagleg leiar, skal deltakarane eller medlemmene skrive under.
Innsending
Innsending av årsrekneskapen og eventuell årsmelding og revisjonsmelding skal gjerast elektronisk i skjema for årsrekneskap i Altinn. Plikta til å utarbeide og sende inn årsrekneskap, eventuell årsmelding og revisjonsmelding gjeld sjølv om det ikkje er drift i verksemda. Denne plikta gjeld også for verksemder som er under avvikling, heilt til dei er sletta. Når ein årsrekneskap er send inn, kan han ikkje slettast, men unntaksvis kan han erstattast av ein ny. Verksemda har som hovudregel ikkje moglegheit til å sende inn ny årsrekneskap seinare enn 5 månader etter innsendingsfristen.
For nye verksemder kan det første rekneskapsåret vere på inntil 18 månader. Det vil seie at verksemder som er stifta 1. juli eller seinare, kan velje om dei vil utarbeide årsrekneskap for dette året, eller slå det saman med neste år. Det er ikkje nødvendig å varsle Rekneskapsregisteret om dette.
Frist
Årsrekneskapen og eventuell årsmelding skal godkjennast av generalforsamlinga seinast seks månader etter slutten på rekneskapsåret. Komplett årsrekneskap skal sendast til Rekneskapsregisteret innan ein månad etter at det er fastsett av generalforsamlinga eller tilsvarande organ. Det er ikkje mogleg å få lengre frist.
For å unngå forseinkingsgebyr må innsendinga av komplett årsrekneskap gjerast seinast 31. juli. Forseinkingsgebyret er basert på rettsgebyret, og kan maksimalt utgjere 69 940 kroner. Det er styret si plikt å sørge for at rekneskapen blir levert innan fristen. Har ikkje verksemda styre, vil deltakarar eller medlemmer og dagleg leiar vere ansvarlege. Verksemda er ansvarleg for å betale forseinkingsgebyret. Dersom verksemda ikkje betaler, er du som medlem i styret, deltakar eller i nokre tilfelle dagleg leiar, solidarisk ansvarlege for å betale gebyret personleg.
For verksemder med avslutningsdato i perioden 01.01.-30.06., er tilsvarande frist seinast 31. januar påfølgande år.
Offentleg
Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga er offentlege.
Etter rekneskapslova kan kven som helst møte opp hos verksemda og be om å få sjå årsrekneskapen, eventuell årsmelding og revisjonsmelding, altså dei same dokumenta som er tilgjengelege frå Brønnøysundregistera. Dokumentasjonen (vedlegga) som er brukt til utarbeiding av rekneskapen er likevel ikkje offentlege.
Du kan også laste ned årsrekneskapen for den aktuelle verksemda, direkte frå Brønnøysundregistera.